Halloweenkveld

Halloweenkveld

Torsdag kveld den 07.11 arrangerte 2BUA «Halloweenkveld» for 1HOA og 1HOB på Ølen vgs.

Her fekk gjestene oppleva ein spennande spøkelsestunnell i kjellaren. Kreativiteten til elevane var på topp i forhold til å laga skumle effektar, og opp frå trappa kom skremde lærarar og elevar.

Kvelden baud og på leikar og konkurransar av ulike slag. Innsatsen var på topp, og her var mykje glede og humor i gangane.

Etter heftig aktivitet smakte det godt med mat. Kantina var dekka med lekkert Halloweentema.  Her vart servert herleg sjølvlaga pizza. Til dessert vart det servert deilige halloweenmuffins.

Alle var enige om at det hadde vore ein kjempekjekk kveld.

Elevane på BUA fekk god erfaring i å planlegga, gjennomføra og evaluera eit praktisk pedagogisk opplegg.

i hallen-halloween
Jenny halloween
johanne-fortelling halloween
karoline, jenny, ragnhild halloween
Del denne artikkelen på: