Oda og Frida til «Teknologiuka for jenter»!

Frida Hundhammer

Oda Kambo Hersvik i 2STA og Frida Hundhammer i 3STB har kome med som deltakarar på «Teknologiuka for jenter». Dette er kjempe stas!

Arrangementet går over tre dagar på NTNU i Trondheim, 6. – 8. november.

Utvalde jenter frå heile landet blir etter søknad inviterte av universitetet til å bli betre kjende med teknologi- og realfagsstudia. Dei må alle ha fysikk, matte R1 og matte R2  i programfaga sine. Karakterar har noko å seie.

Programmet består av presentasjonar, Workshops og møte med studium og studentar. Hensikta er å informere om teknologistudia og kva spanande framtidsmoglegheiter dei gir.

NTNU dekker reise, mat og opphald.

«Eg trur og håpe at arrangementet vil være lærerikt og spennande. Eg håpe at eg finne meir ut om studiene og studentmiljøet ved NTNU», seier Frida.

 

Me gratulerer Oda og Frida så mykje med deltakinga og ynskjer dei spanande dagar på NTNU!

Del denne artikkelen på: