Reise til Korosten, Ukraina, 16.-20.04.2018

Reise til Korosten

Desse var med på turen:
Thea Helen Eikehaugen Knutsen (1HOB),
Palina Yermakova (1STA),
Joakim Kolltveit (1TPB)
Odd-Inge Berge (1ELA)
Ellen Seljestokken og Johannes Langhelle (lærerar)

«Ølen vgs har i mange år hatt eit samarbeid med THK der det er samla inn midlar til elevar i Korosten.

Dagsverk Korostengruppa for perioden 2018-2020 skal våren 2018 gjennomføre eit besøk til Korosten i Ukraina for å gjere seg kjend med forholda, sjå kva tidlegare innsamla midlar har vorte brukte til og gjere seg tankar om kva nye satsingsområde som kan verte aktuelle.» 
 Ref. Intensjonsavtalen mellom Ølen VGS og THK i Korosten.

 

Dag 1:

Me reiste til Korosten og kom fram på kvelden. Me tok ein liten gåtur i byen for å gjere oss litt kjende.

Dag 2:

2

Sergei, vår norsktalande kontaktperson og «guide», følgde oss heile tida i Ukraina. Han begynte med å vise oss parken i Korosten på morgonen.

3

Deretter drog me til ordføraren i Korosten. Her blei me intervjua og filma av den lokale TV-kanalen. Det kom som ei overrasking for oss at dei ville filma oss, men her i Korosten set dei verkeleg pris på alt Ølen VGS har gjort for dei. Me blei tatt veldig varmt imot og ordføraren ville snakke med oss alle saman.

Etterpå drog me på eit skulebesøk til skule nr. 1. Her stod elevane på trappa og venta på oss med song. Nok ein varm velkomst! Deretter viste dei oss rundt på skulen, blant anna til eit datarom som Ølen VGS har støtta økonomisk.

5

Datamaskinar er ikkje dagleg kost heime hos familiar i Korosten, og datamaskinane blei sett veldig stor pris på. I tillegg har Ølen VGS gitt dei Smartboard, noko dei og var veldig stolte over. Etter omvisinga var det konsert etterfølgt av kaffi, te og kjeks. Me fekk bli kjent med fleire av elevane, særleg dei som hadde gode engelskkunnskapar. Korttriksa til Odd-Inge var ein stor hit!

6

Etter dette besøket drog me til det som skal bli ein fritidsklubb i ein fattig del av byen. Klubben skal heite 3S, og bli ein møtestad for familiar, unge og gamle, kvar dei kan halde på med handarbeidsaktivitetar og fysisk trening.

7

Denne klubben gir og Ølen VGS støtte til. Det er nemleg veldig viktig å ha noko positivt og hyggeleg å gjere for å halde barn og unge vekke frå negative opplevingar på gata, til dømes med rus. 

Det femte besøket denne dagen var på krisesenteret for barn. Dette er som ein mellombels barneheim, kvar barn kan vere i opptil 9 månadar. Også her fekk me sjå ein flott konsert med både song og dans. Me fekk også handlaga kort av barna. Etter konserten gjorde Odd-Inge korttriks igjen, noko som blei ein fulltreffar. Etterpå ville barna vise oss romma sine. Barna hadde mykje kjærleik å gi, og gav oss alle mange klemmar. Me fekk høyre historia om kvifor ein gut hamna på senteret. Han var son av romfolk som ikkje hadde mykje pengar, og som 4-5-åring hadde guten drukke øl som om det var vatn.

8
9

Siste, og sjette besøk denne dagen var på sjukehuset. Hovudsjukehuset i Korosten var ikkje mykje å skryte av.

10

Mykje av utstyret var utdatert utstyr frå Noreg, som gamle senger, sengetøy osb. Det såg ut til å vere dårleg hygiene, sjølv om det var eit sjukehus. Romma var skitne. Det var ein sjukepleiar som mista ein hanske på golvet, plukka den opp igjen for å bruke den. Det var ikkje handsprit der.

 

Dag 3:

Dagen starta med at me besøkte skule nr. 10.

11

Her blei me tatt med på omvising på skulen. Me fekk sjå ballbingen og aktivitetane dei hadde utfor skulen. Dette var dei veldig stolte over. Denne skulen har fått støtte til datamaskinar, papirark og anna utstyr dei verkeleg treng. Dei har også fått Smartboard av Ølen VGS.

Me besøkte marknaden i sentrum av Korosten, noko som var veldig hyggeleg.

12

 

Etter dette besøkte me skulesjefen for dei 13  byskulane. Her fekk me høyre kor stor pris byen sette på den støtta dei fekk av oss, og Odd-Inge mottok på vegne av gruppa eit takkebrev frå skulesjefen. Ho hadde kontor i det same bygget der det var etablert eit stort fritidssenter. Det fungerte som ein slags gratis kulturskule, med mange grupper for ulike aktivitetar som dans, song, kunst, 3D-teikning og kjemirom.

13

Ølen VGS har vore med å støtta kjemirommet, som var kjempepopulært, og teatergruppa.

14

Her på fritidssenteret kunne ungdommar og barn komma etter skuletid når dei ville. I utgangspunktet var det to gonger i veka, men elevane likte det så godt at dei utvida til fira gonger i veka. Det var stor aktivitet, med mange ivrige og flinke barn og unge.

 

Det siste besøket me hadde var på hospitset. Dette er som ein eldreheim, men med mykje dårlegare forhold. Dei som kom hit, skulle bu her til dei skulle døy. Dei hadde ikkje råd til bleier til dei eldre.

15

Dei hadde akkurat fått vaskemaskin til tøy, og før det har personalet vaska alt for hand. Dei eldre hadde ein pensjon på ca. 530,- norske kr i månaden, noko som er veldig lite pengar å leve av. Ein eldre person låg i ein mørk gong fordi det ikkje var plass på romma. Ein av pasientane mangla ein fot, utan at me kunne sjå at han hadde noko form for hjelpemiddel (rullestol, krykker, protese). Det lukta sterk kloakk då me kom inn, og det var svært tett luft. Dei eldre grein då me kom inn og delte ut kjeks. Dei ville halde oss i handa som ein takk for at me kom. Dei synest det var veldig godt å halde i ei hand. Det var ei trist oppleving, og ikkje kjekt å gå derifrå utan å kunne hjelpe meir. Møtet med dei eldre var eit av dei sterkaste inntrykka i Korosten. Dei er i ein sårbar posisjon, og har ikkje eit godt eller optimalt liv. Me syns dei eldre fortener meir hjelp.

 

Dag 4:

16

Me var i Kiev, hovudstaden i Ukraina. Det var store økonomiske skilnadar mellom fattige Korosten og storbyen Kiev.

17

 

 

 

 

 

Dag 5:

Heimreise til Noreg.

18
Del denne artikkelen på: