Reisebrev London

Reisebrev London

Reisebrev frå studieturen til London for 3.klasse engelsk, 20.-23.okt 2019

Sundag 20.oktober reiste seks elevar frå engelsk-klassa med Marit og Cecilie til London. Seint på kvelden var me framme på KFUK-Hjemmet.

Måndag starta me dagen med frukost før me vandra gjennom Holland Park og fekk sjå den japanske hagen, fiskedammen og ikkje minst alle ekorna som mange tok bilde av. Me tok deretter undergrunnen til Trafalgar Square kor vi skulle besøke nasjonalgalleriet og sjå på berømte maleri fra veldig mange forskjellige epokar.
Etterpå gjekk me til ein kafé under St. Martin-In-The-Fields kyrkja, der hadde me god lunsj og slappa av før me skulle vidare til neste attraksjon. Me gjekk til Parlamentet der Big Ben dessverre var skjult av stillas for restaurering. Det var og  ein del folk som var samla til demonstrasjon på grunn av Brexit.
Me gjekk deretter vidare gjennom StJames parken og videre opp til Buckingham Palace kor me enda by-sightseeinga vår for dagen. Me fekk då tid for oss sjølv, og  Oxford Street var  plassen å dra til! Alle fekk sett den store handlegata og dei fleste shoppa litt denne dagen.  
17.30 møtte me opp ved BBC der me skulle få ei omvising av Jack og Louisa, det var kult. Der var det mykje å sjå. Først då me kom inn måtte alle få eit visitor pass og alle handleposene våre måtte også scannast! Då me gjekk gjennom svingdørene såg me eit kjempestort rom kor det var fleire hundre dataskjermer og bak desse skjermane var det folk som jobba med å oppdatere nettsida med artiklar og lage til nyheitssendingane. Det var alt mogleg dei dreiv med der, frå TV seriar til  podcastar, radio og nyheiter på 180 språk.
Me drog så tilbake til KFUK-hjemmet der  alle skifta litt og ordna seg på nytt før me skulle ta undergrunnen til Westfield shoppingsenter, der var det over 400 butikkar og alt, absolutt alt var elegant. Nydeleg shoppingsenter som var flislagt fra den ene siden til den andre, masse spisesteder og eigentleg berre ei oppleving og spasere rundt der! Marit og Cecilie gjekk på italiensk restaurant med Kjell Hatteland som også har vore elev på Ølen vgs. No skal han begynne å jobbe for den engelske regjeringa i november. Etter ein lang dag med mykje spasering og slitne bein var det tilbake til KFUK-hjemmet og legge seg før eit nytt eventyr starta dagen etter. 

Tysdag 22.oktober tok me undergrunnen eit langt stykke til Tower of London der me var med på omvising med ein såkalla Beefeater først. Dette enorme borganlegget har mange tårn og mange ulike ting å sjå. Me såg kronjuvelane og gamle rustingar frå Henrik VIII si tid og nokre av fangetårna. Etter Tower-besøket fekk me god tid til å gå for oss sjølv og gjere det me sjølv ville. Det ble først litt avslapping på KFUK-hjemmet før turen gjekk vidare til Oxford Street der vi shoppa. På kvelden møttest me alle på ein burger restaurant på Westfield shopping senter, der me åt eit godt felles måltid. Og jammen hadde me energi til ein time shopping etterpå og- til senteret stengte!

Onsdag 23.oktober var siste dagen vår i London og då me hadde pakka koffertar og rydda romma tok me undergrunnen til Shakespeare’s Globe. På Shakespeare’s Globe fekk me omvising der ein guide snakka om bygningen. Der fekk me høyre om kvifor dei hadde bygd opp eit teater som var akkurat likt dei teatera som låg her på 1500-talet. Me fekk sjå korleis det var inni, det var ganske autentisk. Etter dette gjekk me over Millenium Bridge og sette oss ned på Frelsesarmeen sin kafé der me hadde lunsj. Då me kom opp fekk me sjå ei filminnspeling der folk var utkledd som ninjaer som hoppa rundt og marsjerte. På veg til British Museum fekk me sjå St. Paul's Cathedral, ei gedigen kyrkje. På British Museum besøkte me den egyptiske avdelinga med mumiar og andre objekt frå det gamle Egypt. Det var siste attraksjonen me såg før det var tid for å hente koffertane og kome oss til Heathrow.

Takk for ein fin tur!

Helsing Marius, Kaja, Alida, Andrea, Meda og Tonje.

IMG_1027 (1)
Del denne artikkelen på: