Reisebrev frå London 2018

Reisebrev frå London

Reisebrev frå studieturen til London for 3.klasse engelsk, 21.-24.okt 2018

Sundag 21.okt. reiste engelskgjengen med 13 elevar og lærarane Marit og Linn til London på studietur for å fordjupe oss i Victoriatida og forfattaren Charles Dickens. Alle møtte på  flyplassen i Haugesund kl. 08:25, så det var ein tidleg start på ein sundag. Det blei litt ventetid i Oslo , men  til slutt landa me i London 14:35.  Her fann me ein kafé for å ete litt før det var tur med undergrunnen som tok ein time, til Kfuk – Hjemmet. Der fekk alle utdelt romma sine, og så var det fårikål til middag! Etterpå gjekk me kveldstur i nabolaget, til Notting Hill. Då dagen nærma seg slutten gjekk alle på romma sine for å legge seg, og gjere seg klare for ein ny dag i London.
Måndag 22.okt: Me starta dagen med å gå gjennom Holland Park Mews og inn i den fine parken i nabolaget vårt. Vidare gjekk turen til Buckingham Palace, kor me kom midt i vaktskiftet.   Alle vegar var avsperra og dette tok mykje lenger tid enn venta. Derfrå vidare til St James‘ Park  med ein kort stopp på ein kafé og vidare til Westminster kor me såg Parliament og eit stykk tildekt Big Ben. Det var litt dumt for dei som ikkje hadde vore i London før. Ferda gjekk vidare til Trafalgar Square og National Gallery der me såg berømte maleri som for eksempel ”Sunflowers” av Vincent Van Gogh.  Etter galleribesøket gjekk dei aller fleste til Oxford Street på shopping. Seinare på kvelden gjekk turen  til Westfield Shopping Centre.

London1

Tysdagen byrja som dei fleste andre dagane, med ein gjeng trøytte ungdommar til frukost klokka åtte. Etter frukost og oppfrisking drog me frå KFUK heimen mot Charles Dickens Museum, eit hus som mange i gruppa syntest var veldig kjekt og interessant å besøka. Her blei me delt inn i grupper for å svare på ein quiz, her kunne det bli premiar og. Vinnarane var Malin og Kjerstin, gratulera! Etter eit lite kafébesøk på museet, tok me turen vidare mot Kensington Palace. Før slottsbesøket hadde me ein liten lunsj ute i Kensington Gardens i fint haustvær.. I Kensington Palace lærte me om  dronning Victoria, og fekk sjå kor ho levde og nokre av eigedelane hennar. Me lærde og om  andre historiske kongelege som hadde levd der. I tillegg fekk me sjå nokre av prinsesse Diana sine flotte «moteaugeblikk»; kjolar og anna. Etter slottsbesøk såg me Albert Memorial, eit utruleg stort og flott minnesmerke i Hyde Park. Etter dette fór dei  fleste til Westfield for å fortsette shoppinga, men me møttest alle igjen om kvelden for å ete i lag på ein Italiensk restaurant. 

London 3

Onsdag var siste dag, og me måtte vere effektive for å få mest mogleg med oss før me skulle rekke flyet heim. Den berømte attraksjonen Madame Tussaud stod for tur. Her  var voksfigurar som var veldig realistiske. Me såg 4D film om superheltar og tok masse bilde av både oss sjølv og voksfigurane. Medan me åt lunsj på restauranten Giraffe fekk nokre av elevane meldingar om at flyturen heim var kansellert. Stressnivået i gruppa steig, og me måtte berre komme oss tilbake til KFUK-Hjemmet for å ringe til reiseselskapet.  Til slutt ringte telefonen til Marit, og me fekk beskjed om å komme på Heathrow så fort som mogleg. Der fekk me beskjed om at me kunne få ta eit fly halv åtte til Oslo. Me kom ikkje til å rekke flyet heim til Haugesund, men me fekk plass på eit hotell på Alnabru for natta. Og slik blei det.  Alle var sletne og stressa, alle si lunte svært kort og me var nøydde til å vere snille med kvarandre    Me kom til hotellet rundt 01:00, og måtte stå opp igjen berre 4-5 timar seinare. Derfor tok dei fleste av oss kvelden, etter ein lang og innhaldsrik dag. Torsdag blei det ikkje fagdag i Sosialkunnskap som mange av oss skulle hatt, men ein ekstra «fridag» før skulekvardagen begynte igjen på fredag.

Takk for ein fin og lærerik tur!

London4
Del denne artikkelen på: