Velkommen til nytt skuleår 17.august 2017

Velkommen til nytt skuleår 17.august 2017

Ølen vidaregåande skule ynskjer  tidlegare og nye elevar velkomne til første skuledag torsdag 17. august 2017.

Skuledagen tek til klokka 8.00 i Ølen kulturhus (kulturhuset ligg like nedanfor skulen, mot sjøen).

Første skuledag varer frå 8.00-14.00, og startar med ei motivasjonsøkt i kulturhuset. Vidare vert det diverse informasjon, bokutlevering, m.m.

Alle VG1 elevane får brev i posten veka før skulestart. VG2 og VG3 blir varsla med sms.

Har du fått skuleplass hjå oss, men ikkje høyrt frå oss innan skulestart møter du berre opp! Det kan vere at me ikkje har rett adresse, eller at du har fått plass like før oppstart og at brevet/meldinga ikkje har nådd fram i tide!

Vg1 elevar vil saman med føresette bli kalla inn til oppstartsamtalar med kontaktlærar i løpet av dei første skulevekene.

Me gledar oss til skulestart, og til eit nytt spennande skuleår saman med nye og "gamle" elevar, mange nye tilsette og fleire nye utdanningsprogram!

Ruth J. Sæle

Rektor

Del denne artikkelen på: