Inntak til vidaregåande opplæring VG1, VG2 eller VG3

Dette skrivet byggjer på forskrift til opplæringslova kap. 6 opp inntak til vidaregåande opplæring.  Det  er viktig informasjon når det gjeld inntaksrekkjefølgja og konkurransen om å kome vidare på det kurset eleven søkjer på.

For dei som skal søkje VG1
Ein søkjar som får innvilga omval, skal som hovudregel tas inn som fulltidselev. Sjå § 6-5. Som fulltidselev må ein følgje undervisninga i alle fag.
For dei som skal søkje VG2
Vilkåra for inntak til VG2 er at søkjaren har bestått alle fag som er fastsett i læreplanverket for utdanningsprogrammet på VG1, anten dei vert avslutta med standpunktkarakter eller er gjennomgåande til VG2 (norsk, engelsk, kroppsøving). Faga må vere bestått minimum med karakteren 2 (to). Sjå § 6-28.
For dei som skal søkje VG3 i skule
Vilkåra for inntak til VG3 er at søkjaren har bestått i alle fag som er fastsett i læreplanverket for VG1 og VG2. Dette betyr at alle fag på VG1 og VG2 må vere bestått med minimum karakteren 2 (to). Sjå § 6-28.
Kva betyr dette i praksis for den som skal søkje VG2 eller VG3 skuleåret 2014/2015?
Elevar som har bestått alle fag på VG1/VG2 vil bli tatt inn som fulltidselevar på neste trinn (VG2/VG3). Sjå § 6-5.
Elevar med karakteren 1 eller IV (ikkje vurdering) i eitt eller fleire fag kan/vil bli tatt inn som deltidselevar. Deltidselevar blir tatt inn etter fulltidselevar ved inntak på neste trinn (VG2/VG3). Det betyr at det er mindre sannsynleg at deltidselevar får kome inn på det tilbodet og/eller den skulen dei ynskjer på VG2/VG3, sjå § 6-29.
I enkelte tilfelle kan eleven likevel bli vurdert som kvalifisert for å bli tatt inn som fulltidselev til VG2/VG3 dersom avgjevarskulen meiner eleven kan flyttast opp på neste nivå. Det vil vere inntakskontoret som tek avgjerda. Dersom ein elev har karakteren 1 eller IV etter første halvårsvurdering, er det viktig å ta kontakt med faglærar og/eller rådgjevar så snart som mogeleg.
Ølen vgs, 31.01.2014
Ruth J. Sæle
rektor

Del denne artikkelen på: