Ny fråværsgrense frå skuleåret 2016-17

Ny fråværsgrense frå skuleåret 2016-17

Rogaland fylkeskommune er pålagd å endre retningslinjene før fråværsføring etter krav frå Utdanningsdirektoratet.

I det ligg at alt som har med kjøreopplæring er å rekne som udokumentert fråvær.
Desse nye retningslinjene er gjeldande frå 6.oktober 2016
Utfyllande informasjon om den nye fråværsgrensa finn du rundskriv 3-2016 frå Udir.   UDIR sine nettsider.

Opplæringsavdelinga i Rogaland fylkeskommune har utarbeida ei eiga prosedyre for handsaming av fråværsgrensa.

Det er også utarbeida eit skjema som kan nyttast for søknad om velferdspermisjon. Alle søknader må følgjast av godkjent dokumentasjon. Kva det kan søkjast for, og kva dokumentasjon som er godkjent går fram av rundskrivet og prosedyra.  Søknadsskjema (er henta frå QM+)?

 

Det er ikkje krav om å leggje fram fråværsdokumentasjon før ein har nådd 10% grensa. All dokumentasjon som gjeld mindre enn ein skuledag må innehalde klokkeslett.

Det er frivillig å vere elev i vidaregåande skule. Men har ein først takka ja til skuleplass, er det obligatorisk å delta i opplæringa. Den nye fråværsgrensa er først og fremst innført for å forhindre skulk.  Forseintkomming utover 15 minutt vert rekna som fråver den aktuelle timen (a 45 min).

Alle skal ha skriftleg varsel om fare for ikkje å få karakter i faget før 10%  grensa er nådd. Eleven skal og ha varsel dersom det er fare for ikkje å få karakter fordi faglærar manglar vurderingsgrunnlag - som før.

Vedtak om tap av standpunktkarakter skal gis skriftleg, og følgjast av informasjon om klagerett.

Alt fråvær skal førast. § 3-47 i forskrift til opplæringslova omhandlar årsaker som gjer at eleven kan få stoke fråver. Denne regelen er ikkje endra. Søknad om stryking av fråvær skal vere skriftleg og innehalde dokumentasjon.

Del denne artikkelen på: