Nytt kapittel 9A

Nytt kapittel 9 A i Opplæringslova

Elevane sitt skulemiljø

§ 9-A2 Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

§ 9-A3 Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking, mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Skulen skal arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremje helse, miljøet og tryggleiken til elevane.

§ 9A-4 Aktivitetsplikta

Alle som jobbar på skulen har ei plikt til å sørge for at alle elevar har det trygt og godt på skulen. Dette vert kalla aktivitetsplikta og består av fem delplikter:

  1. følgje med
  2. gripe inn
  3. varsle
  4. undersøke
  5. setje inn tiltak

Skolen må dokumentere skriftleg kva dei gjer for å sørge for at elevar har det trygt og godt på skulen.

§ 9A-5 Viss ein tilsett er den som mobbar, diskriminerer eller trakasserer ein elev så er det enda strengare krav til å undersøke saka umiddelbart.

Skulen skal ha nulltoleranse mot mobbing, vald, diskriminering og trakassering, men også mot mindre alvorlege krenkingar. Kunnskapsdepartementet har valt å ta prinsippet om nulltoleranse inn i opplæringslova for å understreke kor viktig det er at skulen har tydelege haldningar på dette området.

§ 9A-6  Fylkesmannen si handheving av aktivitetsplikta i enkeltsaker

Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, kan eleven eller føresette medle saka til Fylkesmannen etter at saka er tatt opp med rektor.

 

Nyttige lenker:

www.nullmobbing.no

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/skolemiljo/

Del denne artikkelen på: