Om skulen

Når du er elev på Ølen vidaregåande, er det to ting du kan glede deg til: Du skal fylle hovudet med nye kunnskapar – og du skal få nye vener. Ølen ligg i Vindafjord kommune på Haugalandet. Du er rett ved sjøen og har kort veg til fjellet. Skulen har dyktige fagfolk og eit godt miljø mellom lærarar, elevar og foreldre. Her kan du velje mellom studiespesialisering og yrkesfag. Velkommen til lyse og trivelige lokale, stor idrettshall og ein skule som vil få deg til å vekse! Ølen vidaregåande er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram:  

  • Studiespesialisering
  • Idrettsfag
  • Påbygg til generell studiekompetanse
  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Design og handverk
  • Elektrofag
  • Helse- og oppvekstfag
  • Teknikk og industriell produksjon
  • Spesialundervisning, lita gruppe
  • Innføringsklasse

 Velkommen som ny elev!

Ølen

bilde: Randi Engelsvoll, Rogaland fylkeskommune