Historikk

Soga om Ølen vidaregåande skule

Av Olaf A Hamre

Føreord

Når ein skal skriva soga om Ølen vidaregåande skule, kunne gjerne undertittelen vore - skule mot alle odds. For ein triller var det fram til skulebygget stod på plass. Tankar om gymnaset – som det då heitte – hadde ein då hatt i nesten 30 år. Først fekk ein strid mellom Etne og Ølen om lokaliseringa av gymnaset. Ølen som låg sentralt til om ein kunne rekna Vindafjord med. For Etne var det viktig å visa at Etnesjøen var best om ein kunne sannsynleggjera liten søknad frå Vindafjord. Som i dei fleste lokaliseringsstridar  engajserte lokalpolitikarane seg sterkt. Endå beiskare vart striden då den nye skulelova medførte at all vidaregåande undervisning skulle samlast og Etne og Sandeid sitt avviklast. Ein ser og at Rogaland stadig ber om nye presiseringar av vedtak i Hordaland før dei seier ja til avtale, otten var nok stor for at skulen i Sandeid måtte leggjast ned medan klassane i Etne skulle bestå. Skulestriden forsura nok samarbeidsklimaet kommunane imellom i mange år. Faren med ein slik lokal strid er at medan dei små (kommunane) sloss, så stikk nokon annan av med byttet. Så lenge regionen ikkje var samd med seg sjølv, var det vanskeleg å få skulen opp på noko prioriteringsliste. Eg vil nemna særskilt fylkesopplæringsdirektør Gunnar Dale for det klårsynet han viste både med å halda fast ved målet om ein skule for regionen, og for å ha evne til å få saka gjennom i dei politiske fora.