Rektor har ordet

Rektor har ordet

Velkommen til Ølen vidaregåande skule
- veksthus for vett og vennskap!
Skuleåret 2017-2018

Det er alltid spenning knytt til eit nytt skuleår. Å vere elev og starte på ein ny skule, møte mange ein ikkje kjenner, eller å vere nytilsett på ein ukjent arbeidsplass gir oss sommarfuglar i magen, spenning og forventning!

Eg er ikkje ny på Ølen vgs, heller ikkje ny som rektor, men sommarfuglane susar rundt i min mage! For med nesten 100 fleire elevar enn i fjor, vel 20 nye tilsette og fleire nye utdanningsprogram, er det det mykje å halde styr på,  mange små og store ting som skal på plass. Men mest av alt gleder eg meg til skulestart, gleder meg til å kome i gong, gleder meg til treffe alle elevane, både dei eg kjenner litt frå før og alle nye. Eg gleder meg til å møte igjen alle kollegaene mine, og eg  gleder meg til å bli kjent med alle  nye kollegaer. Så veit eg at det vil bli mange nye utfordringar som det skal bli spennande å ta fatt i og finne gode løysingar på i fellesskap.

I løpet av dei første skulevekene blir renoveringa av skulen avslutta, og nye flotte undervisningsrom er klare til bruk.

Så skal me i gong med nybygg, ein spennande prosess som skal ende ut i nye verkstadlokale for Byggfag, Teknikk- og industriell produksjon og Elektrofag. I tillegg skal dei tilrettelagde tilboda våre få nye og tilpassa lokale, og me får samla heile Ølen vgs på same tomt. 

Eg er kjempestolt over resultata frå skuleåret 2016/17som  viser at 95,2% av elevane ved Ølen vgs fullførte og bestod skuleåret. Til samanlikning fullførte og bestod 87,5% skuleåret før, og berre ein annan skule i Rogaland har prosentvis fleire elevar som fullførte og bestod skuleåret 2016/17!

Visjonen til Ølen vgs er at:

ALLE KAN NÅ LENGER, og desse tala underbyggjer verkeleg at det er mogeleg!

 

Skuleåret som no ligg framfor deg er eit springbrett for resten av livet ditt - ta sats!

 

Lukke til med skuleåret 2017/18

på Ølen vgs!

 

 

Helsing

Ruth J. Sæle

-rektor-

Del denne artikkelen på:
Kontaktperson