Sandeid Fengsel

bilde1

Sandeid fengsel er ei eining med lågare sikkerheitsnivå. Fengselet har ordinær kapasitet på 88 plasser - menn og kvinner.

Ølen vidaregåande skule har ansvaret for opplæringstilbodet i Sandeid fengsel.
Fleire faglærarar ved Ølen vgs har undervisning i Sandeid fengsel. 

Opplæringstilbodet i fengselet inneheld både opplæring i ulike allmenne fag på vidaregåande nivå og kurs på ulike område.
Undervisninga føregår i små grupper.

For tida tilbyr vi i dei allmenne faga: norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag, historie og naturfag. Når det gjeld sertifiserande kurs er kjernetilbodet: truckførarkurs, aktivt skogbruk, stillaskurs og dataopplæring (Datakort og eBorger).  

I tillegg har ein i Sandeid fengsel tilrettelagd opplæring der dei einskilde innsette får moglegheit til sølvstudie.

Lenker