arbeidstrening

Spesialundervisning i lita gruppe-organiseringsform arbeidstrening

Desse tilboda gjeld for elevar som ikkje skal følgje ordinær opplæring, men ha individuell plan. Opplæringa skjer i små grupper på 3-4 elevar, og ein legg vekt på personleg utvikling og meistring.
Det blir vidare sett fokus på gode rutinar i kvardagen slik at eleven kan bli i stand til å meistre eit liv i arbeid og fritid. Ølen vgs vil kunne gi elevane i denne gruppa god tilrettelegging av individuelle behov i samarbeid med eit engasjert personale.