Breiddeidrett

Breiddeidrett

Faget breiddeidrett kan du velje på alle tre nivå på studiespesialiserande på Ølen vgs!

I dette faget legg me hovudvekta på aktivitet, og saman med kroppsøvingsfaget får du 7 timar i veka med idrettsfag.
Ved å velje breiddeidrett får du variasjon i kvardagen, du får nesten daglege dosar med fysisk aktivitet på skulen- som gir både overskot og energi til å takle resten av skulekvardagen!

Studiespesialisering gir det breiaste grunnlaget for vidare studier ved høgskular og universitet. Kombiner studieførebuinga di med breiddeidrettstilbod av mange slag- rafting i frådande stryk, fjellturar både haust og vinter, og ikkje minst det nesten daglege fysiske avbrekket i idrettshallen- eller ute!
På Vg1 kan du velje faget i tillegg til dei obligatoriske 30 undervisningstimane i veka. På VG2 og VG3 nivå kan du velje faget som eitt av dei valfrie programfaga, og framleis ha 30 timars veke, eller du kan velje faget på toppen av andre programfag. Det går td. godt an å både skaffe seg spesiell studiekompetanse samstundes som du har breiddeidrett!

Idrettsaktivitetar:
Mål for opplæringa er at elevane skal kunne
- demonstrere ferdigheiter i minst ein lagidrett og ein individuell idrettsaktivitet;
- nytte reglar og normer innanfor dei valde idrettaneGjennomføre ulike leikaktivitetar;
- gjennomføre rytmiske aktivitetar til musikkVise evne til forpliktande samarbeid og fair play

Basistrening:
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjennomføre trening av fysiske, psykiske og koordinerande eigenskapar;
- planlegge, gjennomføre og vurdere basistreningsøkter

Fysisk aktivitet og helse:
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjennomføre helsefremjande trening og trening som kan førebyggje skade
- forklare korleis ulike treningsformer påverkar hjarte-karsystem og muskel- og skjeletsystem

Del denne artikkelen på:
Topp Hovden-tur 2014!

Den årlege Hovdenturen for BID-elevane blei i år igjen ein stor suksess!

Club La Santa 2013

2STA på Lanzarote