Tilrettelagt opplæring

Arbeidstrening

Opplæringstilbodet spesialundervisning i lita gruppe – arbeidstrening, er eit tilbod for elevar med spesielle behov knytt til læring og sosiale ferdigheter, og som har behov for tilrettelegging utover det ein kan tilby i ordinære klassar.

Tilbodet er organisert i grupper med redusert elevtal og foregår i tilrettelagte undervisningslokaler. Opplæringa er definert som spesialundervisning(jmf. Opplæringslova § 5 – 1). Opplæringa har avvik frå ordinær opplæring i alle fag og gir ikkje grunnlag for vurdering med karakter. Eleven får grunnkompetanse og kompetansebevis.

Opplæringa tar utgangspunkt i eleven sine behov og interesser og skal legge grunnlaget for at eleven skal bli mest mogleg sjølvstendig i bustad, arbeid og fritid. Kommunikasjon og sosial kompetanse er difor viktige fokusområder i opplæringa.

Eleven får opplæring etter individuell opplæringsplan(IOP), med utgangspunkt i den enkelte elev sitt funksjonsnivå og utviklingsmuligheter. Eleven vel utdanningsprogram, og får ein plan der innhaldet har ein kombinasjon av fellesfag og programfag, teori og praksis. Eit engasjert og fagleg dyktig personale legg til rette for personleg utvikling og meistring for den enkelte elev.