Rektor har ordet

Rektor har ordet

Velkommen til Ølen vidaregåande skule
- veksthus for vett og vennskap!
Skuleåret 2018-2019

Etter ein flott sommar er det ei glede å ynskje velkommen til eit nytt skuleår!

Med sol og varme håpar eg alle har «full-lada batteri», og er klare for ny innspurt! For mange er det mykje nytt, første året på vidaregåande skule, nye fag, nye klassekameratar og nye lærarar. For andre er det litt nytt og litt kjentnye
fag og nye lærarar, mens klassekameratane og skulebygget er det samebegge eit par månadar eldre, og betre enn nokon gong. I skulebygget er ventilasjonsanlegget ferdigstilt og fjernvarmeanlegget kan temperaturregulerast,
to viktige tiltak i høve til inneklima og dermed læringsmiljø.

To av avdelingsleiarane sluttar i løpet av dei første månadane etter skulestart, Tor Inge Kalstad og Anne Brit Klungland. To nye avdelingsleiarar er tilsette:
Ingelin Håheim og Olav Hogne Espe.

Nybygget er eit steg nærare, og «gamle barnehagen» går opp i røyk så snart bygget er klargjort og brannvesenet kan tenne på i trygge former. Deretter startar grunnarbeid med nye verkstadlokale for Byggfag og Teknikk- og industriell
produksjon.

Eitt satsingsområde for den vidaregåande opplæringa i Rogaland Fylkeskommune er at elevane skal trivast, oppleve fagleg meistring og ha gode relasjonar til andre elevar og tilsette på skulen i eit godt læringsmiljø. At Ølen vgs er ein MOT skule, gjennomføring av VIP-makkerskap og bli kjent tur for VG1, er nokre av dei felles tiltaka våre for å nå dette målet.

Det er det daglege møtet mellom menneske som avgjer om arbeidsmiljøet og læringsmiljøet blir godt, og i dette møtet kan alle bidra anten det no skjer i klasserommet, i kantina eller på skulebussen. Eit smil og eit hei kan gjere den store forskjellen, og kostar ingenting!

Lukke til med skuleåret som no ligg framfor deg på
Ølen vgs!

 

 

Helsing

Ruth J. Sæle

-rektor-

Del denne artikkelen på:
Kontaktperson