Personvernregelverket (GDPR) krev at personopplysningar som skulen behandlar skal vere kjente og gitt samtykke til. For å kunne følgje opp eleven på ein god måte, fagleg og sosialt, treng me å innhente opplysningar både frå elev og føresette. Berre tilsette som er involvert i eleven har tilgang til dei lagra opplysningane. Innsamla data vert lagra elektronisk gjeldande skuleår. Me ber alle elevar svare på skjemaet. Alle spørsmål er obligatoriske. For elevar under 18 år, vil utfylt skjema bli sendt vidare for samtykke frå føresette.
Ver venleg og svar på skjema så snart som mogleg.
OBS! Diverre kan det førekome noko ustabilitet både når ein loggar inn og når ein skal avslutte skjemaet. Det brukar å fungere når ein prøver på nytt. Me beklagar dette og ber om tolmod.
Lenke til skjema + QR-kode:
Kontakt- og samtykkeskjema Ølen vidaregåande skule
Kontakt
Ved spørsmål: ta kontakt med informasjonen: Telefon 53 76 64 00 eller send epost olen-vgs@skole.rogfk.no
Informasjon om dine rettigheiter angåande personvern:
Personvernombod
Det er personvernombodet som kan gi råd og rettleiing om du har spørsmål om fylkeskommunens handsaming av personopplysningar, eller om dine rettigheiter etter personvernreglane.
Personvernombodet kan kontaktast på e-post: sigrun.homleid@rogfk.no
Rett til innsyn
Du kan når som helst be om å sjå opplysningane me har registrert om deg. Du vil få svar så raskt som mogleg, og seinast innan 30 dagar. Om du ber om innsyn, kan du blant annet få svar på:
- kva formål me behandlar personopplysningar dine for
- kor opplysningane dine er henta i frå
- om dine opplysningar blir delt med andre og eventuelt til kven
Rett til retting
Dine personopplysningar skal være korrekte. Du har rett til å få ukorrekte personopplysningar om deg retta. Du har også rett til å få ufullstendige personopplysningar om deg supplert.
Rett til å avgrense behandling
I enkelte tilfelle kan du ha rett til å krevje at behandlinga av personopplysningane dine blir avgrensa.
Rett til sletting
I nokre tilfelle har du rett til å krevje at me slettar personopplysningar om deg.
Rett til å protestere
Du kan ha rett til å fremme ei innvending mot behandlinga, det vil seie å protestere mot behandlinga, dersom du har et særskilt behov for å få stansa behandlinga av personopplysningane dine.
Rett til å bli varsla ved brot på personopplysningssikkerheita
Dersom Rogaland fylkeskommune blir gjort kjent med brot på personopplysningssikkerheita, f.eks. at sensitiv informasjon om den enkelte kjem på avvege, vil fylkeskommunen både kunne ha plikt til å varsle Datatilsynet og den enkelte om slikt brot, jf. Personvernforordninga artikkel 33 og 34.
Rett til å klage over behandlinga til Datatilsynet
Dersom du meiner me ikkje har behandla personopplysningane på ein korrekt og lovleg måte, eller om du meiner at me ikkje har klart å oppfylle dine rettigheiter, har du moglegheit til å klage over behandlinga.
Dersom me ikkje tar klaga di til følgje, har du moglegheit til å fremme klaga for Datatilsynet. Datatilsynet er ansvarleg for å kontrollere at norske verksemder overheld føresegnene i personopplysningslova og personvernforordninga ved behandling av personopplysningar.