Fråværsreglar

  Frå hausten 2016 blei det innført fråværsgrense i vidaregåande skule.

10%-grensa

Elevar med meir enn 10% udokumentert fråvær i eit fag får ikkje karakter. I spesielle tilfelle kan ein ha inntil 15 % udokumentert fråvær og likevel få karakter 

Oppmøteplikt

Oppmøteplikta er  uansett 100% og Utdanningsdirektoratet presiserer at dette ikkje er ein «skulkekvote», men eit tiltak som skal kome skulking til livs.

Oppbevaring av dokumentasjon

Eleven har sjølv ansvar for oppbevaring av dokumentasjon v/sjukmelding mm. til han/ho ikkje lenger er elev ved skulen.

Merk:

  • fråvær skal meldast 1.fråværsdag . Meldinga sender du primært til kontaktlæraren din, alternativt melder du frå på telefon til kontaktlærar/ Informasjonen.
  • Fråværsdokumentasjonen skal vere skriftleg og skal leverast til kontaktlærar .
  • Skulen gir ikkje permisjon til feriereiser i skuletida.
  • Fråvær på aktivitetsdagar, første/siste skuledag, Dagsverk Korosten, uansett dagens lengd, vert ført som dagsfråvær.