Kvar MOT-økt har temainnhald og er bygd opp med øvingar som fremjar gode samtalar og refleksjon. Programmet gjennomførast av spesielt rekrutterte personar, som har fått opplæring i MOT sine metodar og verktøy. På Ølen vgs er det fleire tilsette som er MOT coachar med god relasjonskompetanse. MOTs programmer er godt forankra i fagfornyinga og overordna del av læreplanen, og er eit systematisk verktøy for å arbeide med sosial læring og hindring av utanforskap og mobbing. Les meir om Robust ungdom 16-25 (PDF, 547 kB) .
Trygge klassekulturar
MOT-øktene har som mål å styrke relasjonar og hjelpe den enkelte til å sjå seg sjølv som ein viktig del av ein større heilskap. MOT vekker bevisstheit rundt viktigheita av å inkludera alle. Viktige tema er tryggleik, tilhøyrsle, sosial kompetanse og mangfald.
Trygge miljø der ungdom aksepterer forskjellar og gjer kvarandre verdifulle er avgjerande for at kvar einaste elev skal føle seg ivaretatt. Med tette og trygge relasjonar aukar og sjansen for at ein seier ifrå om ein slit sjølv, eller ser at andre slit.
Robuste holdningar
I MOT-øktene trenar me på å styrke eiga kraft og utvikle motstandsdyktigheit. MOT legg til rette for god dialog med ungdommane, og skaper bevisstheit rundt eigne verdiar og evna til å akseptere og hjelpe seg sjølv.
Viktige tema er sjølvkjensle, sjølvregulering og sjølvhevding. Dette er viktige beskyttelses faktorar for enkelteleven. Eiga robustheit og tryggleik er grunnleggande for å kunne løfte blikket og ta vare på andre.
Konkrete verktøy
Gjennom MOT-øktene gir me ungdom konkrete verktøy, og saman med dei trenar me på situasjonar og utfordringar der verktøya kan vere til hjelp når dei møter utfordringane som kan oppstå i ungdomstida.
Mot verdiane
Det krev mot å vere ungdom i dag. For eksempel krev det mot å setje grenser eller stå opp for ein som blir mobba. Ein skal vere modig for å drøyme stort, vere seg sjølv og ikkje følgje straumen. Og så krev det mot å handtere alle utfordringane som alltid vil vere ein del av livet. MOT sine verdiar er ein raud tråd i MOT-øktene og i kommunikasjonen med ungdom i klasserommet. Desse verdiane gjer ungdommane meir merksame på eigen åtferd og korleis dei påverkar menneska rundt seg:
MOT TIL Å BRY SEG:
Løfte blikket og sjå menneska rundt seg. Vise respekt og omsorg for dei som er utanfor.
MOT TIL Å LEVE:
Tørre å vere seg sjølv og akseptere seg sjølv. Setje seg eigne mål og følgje draumane sine.
MOT TIL Å SEIE NEI:
Stå opp for eigne verdiar, våge å seie ifrå og prioritere det som er rett og viktig.
Desse verdiane er viktige for å byggje eit sterkt og omsorgsfullt samfunn.
Kjelde: https://www.mot.no/programmer/videregaende