Idrettsfag

På Idrettsfag møter du studieførebuande fag kombinert med praktisk idrettsfagleg opplæring. Her kan du kombinera enten toppidrett eller breddeidrett med teoretisk skulegang. Kvardagen byr på utfordringar og utvikling i eigen idrett, turar og friluftsliv, idrettsarrangement og ekskursjonar. 

Kvifor velje Idrettsfag?

Du lærer

  • om fysisk aktivitet og trening
  • treningsleiing
  • om helse, kosthald og oppbygginga av kroppen
  • teoretiske fag

Inntil halvparten av elevane på Vg1 kan takast inn på grunnlag av opptaksprøve eller dokumenterte ferdigheiter.

Du bør vere

  • interessert i helse og fysisk aktivitet
  • innstilt på trening kvar dag, i og utanfor skoletida
  • du bør vere eller ha vore aktivt i ein eller fleire idrettar

Les meir om Idrettsfag på vilbli.no

Kvifor velje Ølen?

Offensiv - Positiv - Utviklingsorientert!

  • På Ølen vidaregåande skule har me spanande natur på alle kantar med fjell og fjord rett utanfor døra.
  • I tillegg til trening og aktivitetar i nærmiljøet, vil det bli arrangert turar der du får andre utfordringar- td. ski/snowboard-køyring, mm.
  • I programfaget veljer du breiddeidrett

Me tilbyr:

 

  • VG1 Idrettsfag
  • VG2 Idrettsfag
  • VG3 Idrettsfag

 

   

Søkje læreplass

Første året - Vg1 

Du går på skule i tre år, og du må ha både fellesfag og programfag i løpet av dei tre åra. På Vg1 vel du kva for eit framandspråk og kva type matematikk du ønskjer.

Det er 35 timar undervisning i veka og 23 timar er fellesfag og 12 timar er programfag. I programfaga er sju timar faste porgramfag, og fem timar er valfritt programfag. Kva for nokre programfag du kan velje, er avhengig av tilbodet på skulen.

Andre året - Vg2

På Vg2 har du færre timar i fellesfaga og fleire timar i progamfag enn på Vg1. 

Det er 35 timar undervisning i veka, og 18 timar er fellesfag og 17 timar er programfag. I programfaga er 12 timar felles programfag, og fem timar er valfritt programfag.. Kva for nokre programfag du kan velje, er avhengig av tilbodet på skulen. 

Tredje året - Vg3

På Vg3 har du færre timar i fellesfaga og fleire timar i progamfag enn på Vg2. . 

Det er 35 timar undervisning i veka, og 13 timar er fellesfag og 22 timar er programfag. I programfaga er 12 timar felles programfag, og fem timar er valfritt programfag. Kva for nokre programfag du kan velje, er avhengig av tilbodet på skulen. 

Vegen vidare

Du får studiekompetanse og kan ta høgare utdanning. Det betyr at du kan søkje dei fleste studier ved høgskular og universitet. 

Hugs at nokre studiar kan ha spesielle opptakskrav. Dette bør du sjekke, før du vel fag.  

Utdanningsprogrammet gir òg grunnlag for å ta på seg trenarjobbar innanfor idretts- og friluftsliv, spesielt innanfor barneidrett. 

Du finn søknadsfristar og -krav på samordnaopptak.no