Organisering
Tilbodet er organisert i grupper med redusert elevtal og foregår i tilrettelagte undervisningslokaler. Opplæringa er definert som spesialundervisning(jmf. Opplæringslova § 5 – 1). Opplæringa har avvik frå ordinær opplæring i alle fag og gir ikkje grunnlag for vurdering med karakter. Eleven får grunnkompetanse og kompetansebevis.
Utgangspunkt
Opplæringa tar utgangspunkt i eleven sine behov og interesser og skal legge grunnlaget for at eleven skal bli mest mogleg sjølvstendig i bustad, arbeid og fritid. Kommunikasjon og sosial kompetanse er difor viktige fokusområder i opplæringa.
Opplæring
Eleven får opplæring etter individuell opplæringsplan(IOP), med utgangspunkt i den enkelte elev sitt funksjonsnivå og utviklingsmuligheter. Eleven vel utdanningsprogram, og får ein plan der innhaldet har ein kombinasjon av fellesfag og programfag, teori og praksis.
På Ølen vgs. kan elevane på arbeidstrening velje mellom desse utdanningsprogramma:
- Helse og oppvekstfag
- Bygg – og anleggsteknikk
- Restaurant og matfag
- Studiespesialiserande
Personleg utvikling og meistring
Eit engasjert og fagleg dyktig personale legg til rette for personleg utvikling og meistring for den enkelte elev.
Egen butikk
Tillrettelagt Opplæring har egen butikk med varar laga av elevane
Meir om AOI-butikk